Dette er tre små tjønner som ligg på Røksbufjellet.
Øvre Repetjønn ligg på 1050 m.o.h. og har et areal på 8 da., Midtre Repetjønn 1048 m.o.h. og 11 da. og Ytre Repetjønn 1004 m.o.h. og 9 da.
Jørund Lie fortalde at så langt ein kjente til hadde det aldri vore fisk i desse vatna før faren hans, Halvor H. Lie, sette ut fisk der i 1939, samstundes med utsettinga i Holmen.
Yngelen i Midtre Repetjønn levde ikkje opp. I Øvre og Ytre Repetjønn levde yngelen opp, og her blei det gild fisk, med storleik opp til 2 kilo.
I slutten av 50 – åra blei fisken borte i dei to Repetjønnene. Det var truleg ikkje forsuringa som hadde hovudansvaret for dette, for her, og i ein del andre vatn blei det funne spor etter ei heilt spesiell form for fiske, nemleg bruk av dynamitt.
Allereie i 1977 forsøkte det nystarta laget seg med utsetting av innkjøpt yngel, og villfisk frå Bøelva, utan at det hadde vore kalka (pH var ikkje mellom dei aller lågaste). Dette skjedde i Øvre og Ytre Repetjønn.
Første kalking og ordinære utsetting av fisk skjedde i 1980 i Øvre og Midtre Repetjønn, og i 1985 i Ytre Repetjønn.
I dag er det ein fin bestand av aure med god kvalitet i alle dei tre tjønnene.