August 2016
40-års jubileet.
Nedanfor finn du ein liten billedkavalkade frå markeringa. Du ser mellom anna far og son Rønningsland med beviset på æresmedlemsskapet dei fekk for den innsatsen dei gjorde i samband med gapahuken med grill og bakaromn.
(29.10.2016)
40 år
Juli 2016
Desinfeksjonsstasjonen er sett i drift.
Desinfeksjonsstasjonen vår ved klekkeriet på Oterholt er no sett i drift.
(10.07.2016)
Juni 2016
Bø Fiskelag fyller 40 år
Vi markerer dette laurdag 13. august med arrangement ved klubbhuset vårt på Oterholt, med følgjande program:
Kl. 12 – 16, åpen dag, medlemmer og andre interesserte velkomne:
· Fluekasting (demonstrasjon og tips).
· Natursti med spennande postar og fine premiar. Vaksne, ungar og familiar kan delta.
· Demonstrasjon av laget og ungdomsgruppa sitt utstyr.
· Sosialt samvær rundt den nye gapahuken med grilling av pølser og steiking av lappar. Kaffe.
Kl. 18 og utover, for påmeldte medlemmer:
· Vi hygger oss i klubbhuset, gapahuken og på terrassen med utsikt til fossen. Serveringa tar til kl. 1900.
· Hyggeleg prat og mimring om interessante hendingar i laget si historie.
For denne delen av programmet må vi av plassomsyn ha bindande påmelding. Send ein SMS til 90941542 Henning eller
ein e-post til bo.fiskelag@gmail.com seinast 5. august.
(30.06.2016)
Ungdommen dominerte under “24 timar på Lifjell”.
Susanne Langkås, toar i klassa under 16 år i fjor, rydda godt på premiebordet i år, med premie både for største totalvekt og største fisk.
Thomas Bay tok andreplassen, og ingen andre fekk fisk.
Veret var bra på laurdag, men kraftig regn på sundag.
(30.06.2016)
Befaringar i Bøelva.
NVE hadde invitert til befaring sist måndag og tirsdag i høve mogeleg kraftutbygging i Bøelva. Herrefoss blei befara måndag og Nye Oterholt tirsdag. Begge dagar var det godt frammøte av representantar for høringsinstansane.
Gledeleg var det å konstatera at Fylkesmannen sin representant var klart på vår side.
Her er nokre glimt frå befaringa ved Herrefoss. Nederst gytegrunn for storørreten som kan gå tapt ved ei utbygging.
(08.06.2016)
April 2016
Fluekastekurs.
Det blir fluekastekurs i eit samarbeid mellom Bø Fiskelag, Hegna Camping og Brukås Sport.
(17.04.2016)
Mars 2016
Gapahuken.
“Gapahuken” slik den ser ut i dag. Det synest som om nemninga “gapahuk” ikkje er heilt dekkande.
(11.03.2016)
Februar 2016
Årsmøtet.
blei halde fredag 19. februar på klubbhuset. Frammøtet var omlag som det plar vera, 15 personar.
Årsmelding for 2015, regnskap for 2015 og budsjett for 2016 blei referert og godkjent med ein del mindre merknader.
Formannen Jostein Bøen blei gjenvalgt. Det samme blei dei av det øvrige styret som var på valg, men her kan i prinsippet bli omrokkeringar når styret konstituerar seg på første møte.
Utvalgsformennene blei gjenvalgte, og dei vil i sin tur rekruttera medlemmer til utvalga.
Under “Ordet fritt” blei det mellom anna uttrykt ønske om at det blir arrangera isfiskekonkurranse.
Årsmøtet ble avslutta med mat og godt drikke. Det blei blant anna servert varmrøkt ørret og rakfisk fra Bjornesfjorden. Fisken var fiska (og tillaga ?) av Gunnar Rønningsland og smaka fantastisk.
(29,02.2016).
Januar 2016
Årsmøtet blir 19. februar.
Årsmøtet er beramma til 19. februar. Saker ein vil ha behandla må meldast til styret, helst innan 15. januar.
(01.01.2016)